Strøyma TimeSpot Lokal

Strøyma TimeSpot Lokal

Straumavtale som følgjer spotpris, time for time. Dette er eit kampanjeprodukt for nye kundar som gjeld hausten 2023.

  • Påslag: 6,5 øre/kWh
  • Fast månadsbeløp: 0 kr. dei 3 første månadane. Deretter 39 kr.
  • Ingen bindingstid
  • Ingen forskotsbetaling
  • Gebyr på kr. 15 ved val av papirfaktura

Etter tre månadar blir ditt produkt erstatta med Strøyma TimeSpot.


*Pris og vilkår kan bli endra med 30 dagers varsel. Avtalen kan samanliknast med andre avtalar på Forbrukerrådets straumprisportal, strompris.no*
 

Andre vel og…

100% Fornybar Energi

For 12 øre/kWh er du med å støtta lokal fornybar vasskraftproduksjon. Med dette produktet garanterer me at tilsvarande mengde straum du brukar vert produsert ved Bratthus Kraftverk i Hålandsdalen. Dette blir dokumentert gjennom opprinnelsesgarantiar.

Les meir om opprinnelsesgarantiar og Bratthus Kraftverk

 

Ofte stilte spørsmål:

Kor ofte kjem faktura?

Du kan velje om du vil ha faktura kvar månad eller annankvar månad. Kvar månad ligg inne som standard, ta kontakt med oss om du ønskjer annankvar månad.

Må eg rekne med ekstrakostnadar?

Me har ingen skjulte ekstrakostnadar eller lokketilbod. Det som står i avtalen er det du får på fakturaen.

Får eg straum og nettleige på same faktura?

Hvis du er nettkunde hos Fusa Kraftlag Nett eller BKK Nett vil du få straum og nettleige på ein faktura. Me arbeider med å få på plass gjennomfakturering med fleire nettselskap.

Fleire spørsmål? Sjekk 'Ofte stilte spørsmål'

 

Framleis usikker på kva du skal velge?

Snakk med oss på telefon 56 58 00 40.
Me svarer mellom 08-15 på kvardagar.

 

Alle straumavtalane våre:

Gasta DesignForside