100% Fornybar Energi


Opprinnelsesgarantiar

Opprinnelsesgarantiar er eit verkty for å dokumentera at ei bestemt mengd energi er produsert frå fornybare kjelder. Dette skjer ved å utferda eit elektronisk sertifikat som stadfestar at ei gjeven mengd energi er produsert frå ei fornybar kjelde, til dømes vind, sol eller vatnkraft. Ved å kjøpa opprinnelsesgarantiar kan ein også støtta utviklinga av fornybar energi og bidra til ei meir berekraftig framtid.

Strøyma sel opprinnelsesgarantiar gjennom tilleggsproduktet 100% Fornybar Energi.

Les meir om opprinnelsesgarantiar hos Fornybar Norge.

 

Opprinnelsesgarantiar frå Bratthus Kraftverk

Bratthus Kraftverk ligg i Øvre Hålandsdalen i Bjørnafjorden kommune. Fjellvatnet som renn i Bratthuselva kjem inn i kraftstasjonen og blir omdanna til elektrisk energi. Frå gammalt av vart vatnet i elva brukt til å produsere straum for ein verkstad som dreiv med skaftproduksjon. 

Bratthus Kraftverk vart sett i drift i 2012. For å byggje røyrgate i dette bratte og utfordrande terrenget vart det mellom anna nytta taubane under bygginga. Produksjonen er på opptil 2 GWh pr. år, noko som tilsvarer straumforbruket til ca. 200 bustader. Fallhøgda er 190 meter og nedbørsfeltet er på 1,65 km2. 

 

Eigarane

Bratthus Kraftverk AS er eit samarbeidsprosjekt mellom Fusa Kraftlag SA, Heidal Holding AS og to lokale grunneigarar. Alle er opptekne av og interessert i lokal fornybar produksjon. 

Samarbeidspartane har ulik og brei kompetanse som er blitt godt nytta både under bygging og drift av anlegget. 

Eigarane set pris på at du ønskjer å kjøpa lokalprodusert vannkraft! 

Bratthus Kraftverk.jpg