Full kontroll med Strøyma-appen

 

Få full oversikt over ditt straumforbruk, straumprisar, fakturaer og det som har med ditt straumabonnement å gjera

 Last ned Strøyma-appen

 
 

Straumpris

Med Strøyma-appen kan du sjå straumpris for ditt område time for time gjennom heile dagen, samt morgondagens prisar når dei blir publisert av NordPool.

Faktura

Få full oversikt over faktura, både betalte og ubetalte.

Forbruk

Sjå historikk for straumforbruk per år, måned, dag eller time. For inneverande måned kan du sjå forbruk og prognose for resten av månaden.

Smartlading

Lad elbilen i dei billigaste timane med smartlading frå Strøyma-appen. Du vel når bilen skal vera ferdig lada, og appen startar lading i timar med lågast spotpris.

 

Livemåling

Følg med på ditt straumforbruk akkurat no i Strøyma-appen. Med pulsmålar får du livemålingar rett i appen.

 
Strøyma-app-livemåling.jpg

Ofte stilte spørsmål

Er appen gratis?

Ja, appen er heilt gratis og ein kan då nytta seg av dei aller fleste funksjonane. Om ein likevel ønskjer livemålingar må ein betala 499 kroner for pulsmålaren og 19 kroner per månad for abonnement.

Korleis loggar eg inn?

Det er to moglege alternativ for å logge inn i appen. Du kan enten logga inn med vipps eller med telefonnummer.

Eg har fleire straumabonnement, ser eg alle på appen?

Ja, du kan enkelt skilja mellom alle dine straumabonnement, slik at du kan sjå kva forbruk du har på dei ulike målarane.

Kan fleire vera innlogga på appen samstundes?

Ja, appen er designa slik at fleire kan vera innglogga på same tid. Dette bidreg til at fleire har full oversikt over straumforbruket. Andre i husstanden som ynskjer å vera innlogga kan logga på med kode tilsendt på sms. Bruk telefonnummer som er registrert på kundeforholdet.

Kva er livemåling?

Livemåling gjer at du kan følgja med på straumforbruket ditt akkuratt no i Strøyma-appen. Utan livemåling vil du sjå gårsdagens straumforbruk.