Kickback til ditt lokale lag

Støtt ditt lag med 1 øre for kvar kilowattime du brukar!



fotball.jpg

Støtt ditt lokale lag

 

Med straumavtale frå Strøyma kan du vera med å støtta ditt lokale idrettslag. For kvar kilowattime du brukar er du med å gje 1 øre tilbake til det laget du vel å støtta. Ein moderne form for dugnad, kor både foreldre, tanter, onklar, besteforeldre og andre støttespelarar kan bidra.  

Kickback er med på å gje ekstra pengar i kassen til nye drakter, utstyr eller anna klubben treng.


Må eg ha ein bestemt straumavtale?

Nei, så lenge du er straumkunde hos Strøyma kan du velja blant alle våre straumavtalar og samstundes velje Kickback-løysinga.

Kor mykje gjer eg i støtte til idrettslaget?

Med Strøyma Kickback gjer du 1 øre per kWh du forbrukar av straum til valt idrettslag eller organisasjon. Brukar du 20 000 kWh i året gjer du 200 kroner, bruker du 30 000 kWh vil beløpet vera 300 kroner i året. Ein gjennomsnittleg einebustad gjer ca. 250 kroner i året.

Mitt idrettslag er ikkje på lista. Kan dei få støtte?

Om Strøyma ikkje har Kickback-løysing med ditt idrettslag kan du kontakte oss, så kan me sjå om me kan hjelpe.

Går noko av støtta til Strøyma?

Nei, alt av innbetaling til Kickback går direkte til det idrettslaget/organisasjonen du har valgt.