Sanntidsmåling

Følg med på ditt straumforbruk akkurat no i Strøyma-appen. Med pulsmålar får du sanntidsmålingar rett i appen.


Pris

  • 499,- for pulsmålar

  • 19,-/mnd for datatrafikk


Bestill pulsmålar her


Sjå straumforbruket ditt i sanntid

Med pulsmålar frå Strøyma kan du sjå kor mykje straum du brukar akkurat no i Strøyma-appen.

Med moglegheita til å sjå forbruket i sanntid er det lettare å styra bruken av straum til timar i døgnet med rimelegare prisar, og med det spara utgifter. Etter kvart vil også pulsmålaren gjera det mogleg for appen å senda varsel dersom du brukar over ønska antal kW.

 

Pulsmålar er enkelt å installera sjølv

 Pulsmålar frå Strøyma kan du installera heilt sjølv. Pulsmålaren koplast enkelt til HAN-porten i sikringsskapet ditt.

Slik gjer du: 

  • Før du tek i bruk Pulsmålaren må du opna HAN-porten på straummålaren din. Dette gjer du ved å kontakta ditt nettselskap.

  • Bestilling av pulsmålar gjer du via våre bestillingsskjema.

  • Vedlagt fylgjer ein leidning som du koplar i pulsmålaren og i HAN-porten.

  • Etter tilkopling blinkar pulsmålaren og ladar opp batteria. Dette vil ta mellom 15-20 minuttar.

  • Medan pulsmålaren ladar kan du logga deg inn i Strøyma-appen og aktivera puls-abonnementet under “legg til”.

  • Pulsmålaren kjem fram i Strøyma-appen når den er klar for bruk.

Merk: Pulsmålaren treng 4G eller betre mobildata for å kunna fungera.