Bør eg velja Norgespris?

Frå og med 1. oktober 2025 kan alle hushald velje Norgespris i staden for straumstøtte. Det betyr at du bør vurdere kva for ei av ordningane som passar best for deg.

Samanlikning av straumstøtteordninga og Norgespris

Straumstøtteordninga

  • Staten dekkjer 90 % av kostnaden over 94 øre/kWh inkl. mva. (75 øre/kWh utan mva.).

  • Du får automatisk straumstøtte dersom du ikkje aktivt vel Norgespris.

  • Ingen bindingstid.

  • Straumstøtte gjeld berre bustad.

  • Forbrukstak på 5 000 kWh/månad.

  • Krev straumavtale med straumleverandør, akkurat som i dag.

Norgespris

  • Du betaler Norgespris på 50 øre/kWh inkl. mva. (40 øre utan mva.).

  • Krev at du aktivt bestiller Norgespris. Du har 14 dagars angrerett.

  • Bindingstid. Målaren blir låst til Norgespris ut 31. desember 2026.

  • Norgespris gjeld både bustad og fritidsbustad.

  • Forbrukstak på 5 000 kWh/månad for bustad og 1 000 kWh/månad for fritidsbustad.

  • Krev straumavtale med straumleverandør, akkurat som i dag.

Dette må du vite før du vurderer:

Ver merksam på at det er vanskeleg å spå framtidige straumprisar, og det er difor ikkje mogleg å seie sikkert om det løner seg. Dette er berre rettleiing og hjelp til å vurdere om du bør velje Norgespris – ikkje ein fasit.

Vel du Norgespris, får du ein føreseieleg straumpris gjennom heile året. Ordninga gir deg ein fast pris per kWh for forbruket ditt – også dersom straumprisane i marknaden er lågare. Dagens straumstøtteordning gir ei forsikring mot dei høgaste straumprisane, og straumprisen vil variere med svingingane i marknaden.

Før du vel Norgespris bør du tenkje på:

  • Kvar i landet bustaden/fritidsbustaden ligg. Noreg har fem prisområde for straum. Det kan vere store skilnader i pris. Til dømes har spotprisen dei siste åra vore mykje høgare i NO2 enn i NO4.

  • Korleis straumforbruket ditt varierer gjennom året. Tenk over når du har størst forbruk. Straumprisen er typisk høgare om vinteren enn om sommaren.

  • Logg inn på minside.elhub.no for å sjå korleis Norgespris ville påverka straumrekninga di i tidlegare år.

  • Bindingstida. Målaren blir låst til Norgespris fram til 31. desember 2026.

  • Risiko. Dersom spotprisen blir lågare enn Norgespris i bindingstida, kan du ende opp med å betale meir enn utan Norgespris.

  • Flytting. Norgespris er knytt til målaren, ikkje til deg som person.