
Ofte stilte spørsmål om Norgespris
Kva er Norgespris?
Norgespris er ei ny, statleg ordning som gir deg ein føreseieleg straumpris gjennom året. Ordninga er frivillig og gjeld frå 1. oktober 2025.
Lønar Norgespris seg for meg?
Kva som er lønsamt for eitt hushald er ikkje nødvendigvis lønsamt for eit anna. Det kjem an på både korleis du bruker straumen over tid, og kvar i landet du bur.
Den noverande straumstøtteordninga gir god forsikring mot dei høgaste prisane, men om du ønskjer føreseielegheit, er Norgespris eit alternativ. Her får du meir rettleiing om kva du bør tenkje på om du vurderer å bestille Norgespris.
Kva er forbrukstaket for Norgespris?
Norgespris gjeld for straumforbruk opp til ei maksgrense per månad:
Hushald: 5 000 kWh per månad per målar
Fritidsbustader: 1 000 kWh per månad per målar
Straumforbruk utover forbrukstaket blir ikkje støtta av ordninga. Forbruk over desse grensene blir fakturert til straumprisen du har avtalt med straumleverandøren din.
Er det nokon risiko ved å velje Norgespris?
Dersom spotprisen blir lågare enn Norgespris gjennom avtaleperioden, kan du ende opp med å betale meir enn du ville gjort utan Norgespris.
Korleis bestiller eg?
Du bestiller Norgespris på minside.elhub.no.
Om du ikkje har moglegheit til å bestille digitalt, kontaktar du nettselskapet ditt.
Kva skjer når spotprisen er lågare enn 50 øre/kWh (inkl. mva.)?
Har du Norgespris, betaler du framleis fast pris på 50 øre/kWh (inkl. mva.), uavhengig av kva spotprisen er. Det betyr at du sjølv dekkjer differansen (skilnaden) mellom spotpris og Norgespris. Er spotprisane gjennom månaden lågare enn Norgespris, må du betale inn differansen (skilnaden) til nettselskapet ditt.
Kva skjer når spotprisen er høgare enn 50 øre/kWh (inkl. mva.)?
Har du Norgespris, betaler du framleis fast pris på 50 øre/kWh (inkl. mva.), uavhengig av kva spotprisen er. Det betyr at staten dekkjer differansen (skilnaden) mellom spotpris og Norgespris. Dersom spotprisane gjennom månaden er høgare enn Norgespris, trekkjer nettselskapet frå beløpet på nettleigefakturaen din.
Må eg bytte straumleverandør?
Nei, du treng ikkje bytte straumleverandør. Du må framleis ha ein straumavtale med ein leverandør om du bestiller Norgespris. Det betyr at du held fram med ditt kundeforhold hos oss i Strøyma.
Inkluderer Norgespris påslag til straumleverandøren min?
Nei, du må framleis betale påslag til straumleverandøren din. I tillegg må du betale nettleige og avgifter til staten. Det betyr at den totale kostnaden på fakturaen din vil vere høgare enn 50 øre/kWh (inkl. mva.).
Kan eg avbestille Norgespris?
Du har 14 dagars avbestillingsfrist frå du bestiller. Merk at retten til Norgespris fell bort for dei dagane før du avbestilte. Når fristen er ute, er målaren din bunden til Norgespris ut avtaleperioden (fram til 31. desember 2026).
Du avbestiller på minside.elhub.no. Om du ikkje kan avbestille digitalt, må du fylle ut og sende inn eit avbestillingsskjema. Skjemaet får du når du bestiller Norgespris. Avbestillinga må vere poststempla innan 14 dagar frå bestillinga.
Kva må eg tenkje på om eg ikkje har BankID?
Då må du kontakte nettselskapet ditt for å bestille Norgespris. Avbestilling skjer med papirskjema, som må sendast per post og vere poststempla innan 14 dagar frå bestillinga.
Kor lenge varer Norgespris?
Ved bestilling av Norgespris gjeld ein bindingstid fram til 31. desember 2026. Du må aktivt bestille på nytt dersom du ønskjer ordninga etter dette. Stortinget har vedteke at ordninga skal gjelde til 31. desember 2029.
Kva skjer om eg ikkje gjer noko?
Då held du automatisk fram med dagens straumstøtte, dersom du har det i dag.
Kan eg ha både Norgespris og straumstøtte på same målar?
Nei. Du kan ikkje ha begge delar på same målar. Vel du Norgespris, mister du retten til straumstøtte på denne målaren i avtaleperioden.
Kan eg få straumstøtte på hytta om eg ikkje vel Norgespris?
Nei. Straumstøtteordninga gjeld berre hushaldningsforbruk. For fritidsbustader er Norgespris det einaste alternativet.
Kan eg ha Norgespris både heime og på hytta?
Ja, det er mogleg, så lenge bustaden eller hytta er registrert som hushald eller fritidsbustad.
Kan eg ha Norgespris på hytta og straumstøtte heime?
Ja. Du kan ha Norgespris på hytta og straumstøtte heime, eller Norgespris begge stader. Merk at straumstøtta ikkje gjeld fritidsbustad.
Kva skjer ved flytting eller dødsfall?
Norgespris følgjer målaren, ikkje personen som har bestilt. Dersom ein bustad eller fritidsbustad med Norgespris får ny eigar eller leigetakar, er bustaden framleis bunden til Norgespris ut bindingstida. Dette gjeld òg ved dødsfall.
Må Norgespris bestillast på vegner av burettslaget, eller kan kvar bebuar bestille for si eiga leilegheit?
Norgespris må bestillast for kvar enkelt målar. Styret kan bestille for fellesareal, medan bebuarane bestiller for eigne leilegheiter.
Kven kontaktar eg ved spørsmål om ordninga?
Har du spørsmål, kontaktar du nettselskapet ditt. Om du og nettselskapet er usamde om du har rett til Norgespris, kan du klage til Reguleringsmyndigheita for energi i NVE (RME).
Gjelder Norgespris for bedrifter?
Nei. Ordninga gjeld berre for straumforbruk i bustad og fritidsbustad. Næringsverksemd er ikkje omfatta.
Kan eg velje Norgespris om delar av bustaden blir brukt som butikk, kontor osv.?
Dersom meir enn 50 % av straumforbruket er hushaldningsforbruk, kan du velje Norgespris. Er meir enn 50 % næringsforbruk, har du ikkje rett til å inngå avtale om Norgespris.
Kva skjer om eg har Norgespris utan å ha rett til det?
Då kan du få krav om tilbakebetaling frå nettselskapet ditt. Reguleringsmyndigheita kan òg vedta krav om tilbakebetaling.
Kva må eg tenkje på om eg både produserer og brukar straum?
Norgespris gjeld berre forbruket ditt, ikkje straumen du sel. Du får framleis spotpris for det du sel, i tråd med avtalen med straumleverandøren din. Er spotprisen lågare enn 50 øre/kWh, kan det vere gunstig å bruke eigenproduksjonen til eige forbruk framfor å selje straumen.
Løner det seg å spare på straumen?
Ja. Straumsparing og energieffektivisering er framleis viktig både for naturen og straumrekninga di. Ved å spare på straumen bidreg du til å redusere eller utsetje behovet for å byggje ut straumnettet. Nye utbyggingar er dyre og fører ofte til naturinngrep. Samstundes kan du få lågare nettleige ved å redusere forbruket ditt – uavhengig av om du vel Norgespris eller held fram med dagens ordning. Det løner seg framleis å spreie forbruket utover døgnet og unngå å bruke mange straumkrevjande apparat samstundes.
Har du enda spørsmål kan du ta kontakt med oss i Strøyma.
Kontaktinformasjon til Strøyma finn du her.
Treng du hjelp til å bestille anbefalar me deg å ta kontakt med ditt nettselskap.