Strøyma TimeSpot med Solkonto

Med TimeSpot med Solkonto får du ein fleksibel spotprisavtale kombinert med moglegheita til å spare overskotsstraum på Solkonto.

Som plusskunde kan du alltid selje overskotsstraumen din til oss til spotpris (eks mva) time for time frå Nord Pool i ditt leveringsområde. For straumen du brukar, betaler du den same spotprisen – heilt utan bindingstid.

  • Påslag: 6,5 øre/kWh

  • Fast månadsbeløp: 79 kr.

  • Ingen bindingstid

  • Ingen forskotsbetaling

  • Gebyr på kr. 15 ved val av papirfaktura

Korleis fungerer solkonto?

Solkonto er ei spesialtilpassa tilleggsteneste for plusskundar som ønskjer å lagra sitt overskot av produsert straum i eit virtuelt «batteri». Ein kan lagra overskotstraumen i solkonto og ta ut tilsvarande kilowattimar på eit seinare tidspunkt.

  • Du aktiverer sparing på “Mi side straum”.

  • 1 kWh sendt ut på nettet = 1 kWh inn på Solkonto.

  • Du kan spare inntil 2 000 kWh. Overskot over 2 000 kWh blir automatisk seld til spotpris og trekt frå straumrekninga.

  • Uttak skjer manuelt på “Mi side straum”, og blir gjort om til rabatt på faktura.

  • Du kan maks få 100 øre/kWh i differanse mellom straumprisen på produksjonstidspunkt og straumprisen på uttakstidspunkt. Eks: produksjonspris på 50 øre kwh kan maks gje deg salgspris på 150 øre kwh.

Pris og vilkår kan bli endra med 30 dagers varsel. Avtalen kan samanliknast med andre avtalar på Forbrukerrådets straumprisportal, strompris.no

Les avtalevilkår

Ofte stilte spørsmål:

Fleire spørsmål? Sjekk Ofte stilte spørsmål

Andre vel og…

100% Fornybar Energi

For 12 øre/kWh er du med å støtta lokal fornybar vasskraftproduksjon. Med dette produktet garanterer me at tilsvarande mengde straum du brukar vert produsert ved Bratthus Kraftverk i Hålandsdalen. Dette blir dokumentert gjennom opprinnelsesgarantiar.

Les meir om opprinnelsesgarantiar og Bratthus Kraftverk

Framleis usikker på kva du skal velge?

Snakk med oss på telefon 56 58 00 40.
Me svarer mellom klokka 08-15 på kvardagar.

Forrige
Forrige

Strøyma TimeSpot

Neste
Neste

Strøyma Solstraum