Spørsmål og svar om Strøyma-appen og pulsmålar

 

Bestilling og feilsøking

Kor kjøper eg pulsmålar frå Strøyma?

Pulsmålaren kan bestillast på våre heimesider. Bestillingsskjema finn du her. Hugs også å opne HAN-porten. Dette gjer du hos ditt nettselskap.

Kor lang tek det frå eg bestiller pulsmålaren til eg får den levert?

Normalt sendes den innan tre virkedagar etter bestilling. Om det er ønskjeleg kan du også hente pulsmålaren hos oss. Dette er eit valg i bestillingsskjema.

Korleis seier eg opp puls-abonnementet?

Dette gjer du inne i appen. Trykk på "Legg til", velg pulsmålaren (den står som aktiv teneste), og trykk på "koble frå". Då blir abonnementet deaktivert, og du blir berre fakturert for dagane abonnementet har vore aktivt. Dersom ein ny person skal overta straumavtalen og koble opp pulsmålaren, må du fyrst koble frå i din app.

 

Aktivering og feilsøking

Korleis opnar eg HAN-porten?

Det er netteigar som eig straummålaren din, og det er dei som kan hjelpe deg å opne HAN-porten. Du kan enten ringe dei, eller logge deg inn på nettstadane deira for å opne HAN-porten. Det kan nokre gonger ta litt tid frå dei trykkjer på knappen til den blir opna.

Kor lang tid tek det å opna HAN-porten?

Det varierer frå netteigar til netteigar kor lang tid det tek frå du kontaktar dei til HAN-porten blir opna. Sjekk dette med netteigaren din når du kontaktar dei. Du kan ikkje kople opp pulsmålaren før HAN-porten er open.

Nokre typar straummålarar har ein eigen HAN-port-modul som netteigaren må sende deg i posten. Det kan difor variere litt kor raskt HAN-porten din blir opna og klar til å bli teken i bruk. Netteigaren vil informere deg når du snakkar med dei.

Kva er HAN-port?

Alle straummålare har ein HAN-port. Denne blir brukt til å kople til ulike enheter, som vår pulsmålar.

Dersom du ønskjer å opna HAN-porten, må du kontakta netteigaren din. Av personvernomsyn kan me dessverre ikkje kontakte dei for deg - det er noko du må gjera sjølv.

Korleis aktiverer eg pulsmåler frå Strøyma?

Når du har fått netteigaren til å opna HAN-porten din, kan du starta oppkoplinga av pulsmålaren din.

1. Kople til og start lading:

Plugg den eine enden av den vedlagde ledningen i pulsmålaren, og den andre enden i HAN-porten på straummålaren din. No vil pulsmålaren byrje å lada. Dette ser du ved at den byrjar å blinka grønt. Det tar omtrent 30 minutt før den er klar til å bli lagt til i Strøyma-appen. Dersom den byrjar å blinke rødt, kan du lese meir på spørsmålet om dette.

2. Legg til i appen:

No som du har teke deg ein velfortent pause, kan du lasta ned og opne Strøyma-appen. Trykk på "+ Legg til" nederst i menyen. Her finn du alle enhetane du kan kopla til i appen, inkludert pulsmålaren. Finn pulsmålaren i lista og følg instruksjonane.

3. No kan du sjå pulsmålaren i appen:

Under "Heim" i appen vil du no finne eit eige symbol for pulsmålaren. Klikk deg inn og sjå forbruket ditt i sanntid. No kan du gå rundt i heimen din og slå av og på ting for å sjå korleis det påverkar forbruket ditt.

Eg får ikkje lagt til pulsmålaren i Strøyma-appen.

Når du har kopla pulsmålaren din til straummålaren og den er ferdig lada, kan den leggast til umiddelbart i appen. Om pulsmålaren er kobla til straummålaren korrekt, vil lyset blinka grønt. Dersom den blinkar rødt, kan det bety fleire ting. Sjå spørsmål under for tips.

Kva nett brukar pulsmålaren?

Pulsmålaren brukar mobilnettet for å kommunisera med appen. Det krev at den har dekning for å fungera. Om den blinkar grønt, men likevel ikkje fungerer, kan du vente litt og legge den til i appen på nytt. Då løysar problemet seg som oftast.

Pulsmålaren min bliker rødt. Kva gjer eg?

Dersom pulsmålaren din blinkar rødt, kan det bety fleire ting:

1. Sjekk dekninga

Ofte er dekninga årsaka til at pulsmålaren blinkar rødt. Korleis er dekninga generelt der pulsmålaren din er plassert?

Hugs at pulsmålaren brukar mobilnettet, så det er viktig å ha god dekning. Kan du prøve å flytte pulsmålaren litt og sjå om det blir betre? Har du moglegheit til å bruke ein forlengingskabel (rj12) for å plassere den på ein stad med betre dekning?

2. Utfordringar med straummålaren

Dersom du har prøvd punkt 1 og er sikker på at HAN-porten er open, men pulsmålaren framleis blinkar rødt, må du kontakte netteigaren for å:

Få bekreftelse på at HAN-porten fungerer som den skal. Høyr om det er andre utfordringar med AMS-målartypen din som kan påverke pulsmålaren. Du finn informasjon om netteigaren din og kontaktinformasjonen deira på straumrekninga di.

3. Overføring til ein ny person

Dersom pulsmålaren tidlegare har vore kopla til ein anna person i husstanden, kan du ikkje kople den til i appen på ditt kundeforhold før den andre personen har avslutta pulsmålaren i appen på sitt gamle kundeforhold.

Bruker pulsmålaren mobilnett eller WiFi?

Pulsmålaren brukar mobilnettet og treng dekning for å fungera. Det betyr at du må plassere den slik at antenna peikar utover, mot området med best dekning.

Dersom du opplever generelle utfordringar med dårleg mobilnett, vil dette også påverke ytelsen til pulsmålaren.

Bruker pulsmålaren åpen eller lukka API?

Per i dag har ikkje pulsmålaren open API.

Kan eg ha pulsmåler frå Strøyma og likevel ha ein anna straumleverandør?

Nei, du må vera aktiv straumkunde hos Srøyma for at pulsmålaren skal fungere.

Må eg lada pulsmålaren?

Nei, pulsmålaren henter straum frå straummålaren din.

 

Strøyma-appen

Kor finn eg Strøyma puls i appen?

Eg har kopla til i appen:

Når du har kopla til pulsmålaren i appen, finn du pulsmålaren under «Heim» i nedre menylinje. Du trykkjer på puls-ikonet for å sjå forbruket ditt akkurat no, kva det var for ein time sidan og korleis det har vore dei siste 24 timane.

Eg har ikkje kopla til i appen:

For å koble til pulsmålaren i appen trykkjer du på "+ Legg til". Du blir guida gjennom alle stega i appen når du startar.

Eg har flytta etter eg kobla til pulsmålaren. Kva gjer eg?

Dersom du har flytta eller bytta målar, må du kople opp pulsmålaren på nytt. Den vil deretter dukke opp som vanleg i appen. Husk å avslutta pulsabonnementet på den gamle målaren din.

Kan eg sjå om solcelleanlegget mitt produserer strøm?

Pulsmålaren viser kor mykje straum du hentar frå straumnettet akkurat no. Om du produserar straum frå solcelleanlegget ditt, vil du hente mindre straum frå straumnettet, og pulsmålaren vil derfor vise eit lågare forbruk. Dersom du produserar nok straum til å dekke heile forbruket ditt, vil pulsmålaren vise 0 watt. Me jobbar med å kunna visa deg nøyaktig produksjon, men det er ikkje på plass enda. Me håpar at det vil vere klart i løpet av 2023.

Kan eg ha pulsmåler på hytta og heime?

Ja, du kan ha fleire pulsmålarar både på hytta og heime, så lenge AMS-målarane er registrert hos Strøyma. Du må ha ein pulsmålar per straummålar og eit abonnement per pulsmålar.

 

Forbruk og målerdata

Kvar kjem målardataen i appen frå?

Målerdata i appen blir henta frå Elhub, som igjen henter informasjonen frå ditt nettselskap. Elhub er er kraftbransjens felles datahub der all data frå dei forskjellige straummålarane i landet samlast i eitt felles system.

Kva skjer dersom boligen er utan straum?

Dersom straummålaren ikkje er kopla til straum, ved for eksempel straumbrot, vil ditt nettselskap sende estimerte verdiar til Elhub, og igjen vidare til appen. Du vil difor ikkje i appen kunne sjå dersom straumen er gått i din bolig.

 

Angrerett og reklamasjon

Har eg angrerett på pulsmålaren?

Dersom du angrar på kjøpet innan 14 dagar etter at du har motteke pakken, kan du returnere den og få pengane tilbake. Det er viktig å opne emballasjen forsiktig og med minst mogleg skade.

Kan eg reklamere på pulsmålaren dersom den ikkje fungerer?

I tilfelle pulsmålaren ikkje fungerer som den skal, har me samla litt informasjon om korleis du kan aktivera den og kva dei vanlegaste feila er som du kan fiksa sjølv. Om du treng meir hjelp kan du ringa oss på 56580040, så hjelper me deg. Me treng serienummeret på pulsmålaren din, som du finn på klistremerket som er festa på pulsmålaren.