Straumstønad for frivillige lag og organisasjonar

Lotteri- og stiftelsestilsynet administrerer strømstøtteordninga for frivillige lag og organisasjonar, ei ordning regjeringa innførte som svar på dei ekstraordinære straumprisane. Målet med ordninga er å dempe dei negative verknadane av dei høge straumprisane.

Søknadsskjemaet for 3. og 4. kvartal 2023 opnar den 31. januar, med søknadsfrist 28. februar klokka 13.00.

Det har skjedd ein forskriftsendring som får konsekvensar for utrekninga av støtteprosentane frå og med september. Av den grunn er desse søknadsrundane no samanslåtte. Den nye berekningsmodellen skal liggje nærare den som gjeld for hushaldningar, der utrekninga baserer seg på straumprisen time for time.

I følgje den nye forskrifta får tilskotsmottakarar for straumforbruk frå og med 1. september 2023, dekka 90 % av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og timesprisane. Forbruket per time blir rekna ut ved hjelp av eit gjennomsnittleg forbruksmønster for frivillige organisasjonar. Frå 1. januar 2024 endrar terskelverdien seg til 73 øre per kWt.

Henriette Dale