Tysdag 5. januar 2027 opnar det for bestilling av Norgespris for 2027. Då må straumkundar aktivt bestille Norgespris på nytt, sjølv om dei allereie har ordninga i dag.
Torsdag 29. oktober lanserte Energidepartementet nyheita om ny bestillingsrunde av Norgespris. Pressemeldinga finn du her.
Ny digital bestillingsrunde for Norgespris vil vere mogleg på Elhub Min side frå tysdag 5. januar 2027.
Iht. Forskrift om Norgespris § 5 står det: "Ordning for sikring av straumpris skal gjelde frå den registeransvarlege mottek bestillinga frå nettkunden. Unntaket frå dette er dei første 14 dagane i januar frå og med 2027, der avtale om sikring av straumpris vil gjelde frå 1. januar."
Dette inneber at alle bestillingar som blir gjennomførte i perioden 5. januar - 14. januar vil gjelde frå og med 1. januar. Etter dette vil bestilling bli utført og registrert fortløpande. Avbestillingsretten vil gjelde frå ein bestiller og 14 dagar fram i tid.
Ved at ein legg til rette for eit nytt bestillingsløp etter nyttår, hindrar ein eit dobbelt bestillingsløp som kan verke forvirrande for sluttkundane. Vi sikrar òg at alle som bestiller faktisk bestiller for rett periode, sidan det ikkje vil vere mogleg å bestille for føregåande år.
Prisen blir endeleg vedteken når Stortinget behandlar og stemmer over statsbudsjettet for 2027, noko som etter planen skjer i løpet av desember 2026. Fram til det endelege budsjettvedtaket er fatta før jul, blir prisen på 45 øre/kWh (56,25 øre/kWh inkl. mva.) rekna som eit regjeringsforslag.
Alle som bestiller Norgespris frå 1. januar vil ha ordninga til og med 31. desember 2027.