Sponsoravtale Hålandsdal Idrettslag

Hålandsdal Idrettslag og Strøyma har inngått sponsoravtale for inneverande sesong, og dei to påfølgjande. HIL har sin viktigaste aktivitet knytta til skiskyting og har i dag utøvarar frå både Bjørnafjorden og omengskommunane.

I Hålandsdalen ligg det 2 flotte anlegg. Lysløype/rulleskiløype med skytebane på Holdhus og Bygdastølen ski-og tursenter 390 moh. Bygdastølen har lys, eit flott løypenett og skytebane.

Me ynskjer HIL lykke til vidare med det gode arbediet dei gjer, og me ser fram til samarbeidet.

Henriette Dale