Bruksvilkår for Strøyma-appen
-
Strøyma-app er ein mobilapplikasjon som gjer deg tilgang til informasjon om ditt kundeforhold, tilgang til ulike tenester levert av Strøyma AS og våre samarbeidspartnarar, samt tilgang til dine fordelar i fordelsprogrammet vårt. For å kunna ta i bruk appen må du vera kunde, eller bli invitert av nokon som er kunde hos Strøyma AS.
Når du brukar appen behandlar me dine personopplysningar. Dette vil skje i samsvar med personopplysningslova, og nedanfor finn du meir informasjon om korleis me behandlar personopplysningane dine når du brukar appen.
Vilkår for straumkundar gjeld også.
Behandlingsansvarleg for appen er Strøyma AS (org.nr. 923 834 001). Ta kontakt med vår kundeservice ved spørsmål om appen. Stallabrotvegen 119, 5640 Eikelandsosen. Kundeservice: tlf. 56 58 00 40, kvardagar klokka 08-15. post@stroyma.no
-
Når du tek i bruk appen ber me om namn, fødselsdato og mobilnummer, slik at du kan registrera deg og få tilgang til informasjon om ditt kundeforhold via appen.
Når du tek i bruk appen brukar me adressa du har registrert hos oss til å tilby deg geografisk relevante fordeler gjennom fordelsprogrammet.
Dersom du har blitt invitert inn i appen av ein person som er kunde av oss, koplar me dine personopplysningar saman med vedkommande sine personopplysningar, slik at riktig informasjon kjem til syne i appen.
Etter kvart som me utviklar funksjonaliteten og tenester i appen vil me be om tilgangar til informasjon i din mobiltelefon. Dette for å kunna tilby deg desse tenestene. Tilgangane kan alltid styrast under innstillingar i din mobiltelefonen.
-
I appen kan du etter kvart kjøpa og bruka tenester som me tilbyr i samarbeid med andre selskap. Dersom ei slik teneste inneber at du må gje dine personopplysningar til eit anna selskap, er det dette selskapet som vil vera behandlingsansvarleg for desse personopplysningane. Kjøp av slike tenester inneberer at me utleverer dine personalia og kontaktinformasjon til desse selskapa slik at kjøpet kan verifiserast og at du kan ta i bruk tenesta. Me mottek ikkje personopplysningane du gjer til desse selskapa med mindre du har samtykka til det.
-
Me brukar sporingsverktøy frå Google Analytics og Firebase for å overvaka bruksmønsteret i appen slik at me kan forbetra brukaropplevinga.
-
Undervegs i kundeforholdet kjøper me inn sannsynlegheitsvurderingar om våre kundar frå ein ekstern leverandør, og desse vurderingane er basert på statistiske analysar av resultat frå spørjeundersøkingar og data frå offentlege register slik som for eksempel folkeregisteret, skatteetaten, Netlife og Statistisk sentralbyrå (SSB).
-
Me utlevera ikkje personopplysningar til andre, med mindre me er pålagt gjennom lov eller via andre behandlingsgrunnlag.
-
Etter personvernregelverket har du ein generell rett til innsyn i, og retting eller sletting av dine personopplysningar. Du har også rett til å protestera mot behandlinga, rett til avgrensing og rett til dataportabilitet. Har du spørsmål om dine rettar kan du kontakta vår kundeservice. Dersom du meinar at me ikkje behandlar personopplysningane dine i tråd med personvernregelverket, har du rett til å klaga til Datatilsynet.
-
Me endrar personvernerklæringa utan varsel, dersom det følgjer av lovpålagte krav eller me utfører mindre endringar i appens funksjonalitet.